Vi går unekteleg mot vinter og dårlegare turføre ute. Difor startar Surnadal Pensjonistlag opp att med «Bøy og tøy» i Meierisalen på Landbrukshuset. Første «Bøy og tøy» blir torsdag 11. november klokka 11:00 i Meierisalen på Landbrukshuset.
Øvingane på «Bøy og tøy» vil gå føre seg med rettleiing frå fysioterapeut.
Surnadal Pensjonistlag ønskjer vel møtt til triveleg oppmjuking no når det blir dårlegare føre ute!