Tysdag kveld var det «bøt og betring» i Skulstuå igjen, og slik som sist var det ymse aktivitetar for dei som møtte opp. Ein bøtargjeng bruka stoppnåla og prøva seg fram med stopping og resparasjon for gjenbruk som no er topp moderne. Elles var det både Yatzy og «Amerikaner» og faktisk var det ogs kaffelag med mykje godt attåt. Og så var det ei stor overrasking….

Bøtargjengen – frå venstre Torill Redalen, Britt Mossing, Brit Grønmyr og Mali Skjærmo Brøndbo. Foto Jon Olav Ørsal
Den store overraskinga var Siri Skjerve som har fått innvilga 10 års arbeidsstipend. Det feira altså Siri i Skulstuå og sjølvsagt vart det feira med ekte alkoholfrie bobler i glasa. Siri arbeider med hjortskinn og sette sjølvsagt stor pris på stipendet som langt på veg er med og sikrar øknonomien i lang tid framover. Siri er etblert i eige atelier heime i Bekkerhagan, og er sjølvsagt stolt av stipendet. Ho retta og ein stor takk til jaktlaga i Todalen som er leverandør av råvara ho brukar – nettopp hjorteskinn.

«Amerikaner» – frå venstre Solvår L. Øyen, Ragna Kvendset, Laila K. Bergli og Ann Ingeborg H. Jensen. Foto Jon Olav Ørsal
Det tilsvarar ei 50%-stilling fortel Siri som er glad både for anerkjenninga og for at økonomien blir meir forutsigbar. Stipendet blir betalt ut med ein sum kvar månad i 10 år framover. Siri fortel og at ho skal delta i Vestlandsutstillinga seirare i år – det skjer i Øystese og i Ålesund, der Siri stiller ut saman med Torill Redalen.

Line Marie Kvendset og Ådne S. Gjeldnes kjempa mot kvarandre med terningspelet Yatzy. Foto Jon Olav Ørsal