Tysdag kveld var det høve til å ta med seg lesta til stopping eller om du heller vil saume på ei bot på ei Olabrok – eller kanskje berre reparere ein armkrage på ein genser. Iallfall var det ein slik bøtarkveld i Skulstuå denne kvelden i kombinasjon med litt spell og konkurranse, og eit slag med amerikaner i all vennlegheit.

Her blir det ein ny armkrage – Synnøve Gjeldnes skal gje nytt liv til ein genser. Foto Jon Olav Ørsal
-Vi prøver å kombinere aktivitetar for det er eit stort behov for å treffast og gjøre ting i lag, seier Ragna Kvendset som er primus motor for Skulstua saman med Line Kvendset. I kveld var det både kinasjakk og amerikaner og det var faktisk fleire som ikkje har prøva seg på kinasjakk på mange år.
Gjenbruk er eit ord vi høyrer oftare og oftare. Det har faktisk vorte ganske så populært å gjenbruke ting. Frå nyttår vart forresten dette lovregulert for tekstilar. Da vart det faktisk på budt å resirkulere tekstila gjennom eit oppleg for innsamlig av tekstilar til Fretex. Da tek Fretex ansvaret for sortering av tekstilar og gangen vidare i innsamlinga.
Traktering var det og, det lukta nystekte bakels med tilbhør, og det frista nok dei fleste. I tilleg var det både sjokoladekake og andre ting – noko for ein kvar smaksløk.

Eit slag kinasjakk – og jammen trur vi at Anders og Emil klarte å slå faren Ola? Foto Jon Olav Ørsal

Amerikaner på harde livet rundt bordet – frå venstre Solvår L. Øyen, Ragnhild A. Moe, Laila K. Bergli og Ann Ingeborg H. Jensen. Foto Jon Olav Ørsal