Det blir «bøt og betring» i Skulstuå, tysdag 25.februar kl.18.00. «Vær glad i heimen din bøt og saum, og livet det vert som ein fager draum». Denne teksten står på den gamle stoppsoppen, – ein trufast hjelpar ved stopping av mang ein utslitt lest. Miljøet blir spara når vi tek vare på og bøter kleda våre. Det forlengar levetida på dei og er berekraft i praksis! Vi invitere difor til «bøt og bedring», for å bøta og stoppa på lestar og vottar, eller andre plagg du har som treng litt omsorg.
Det blir og ein spelekork med brettspel som Kinasjakk og kortspelet Amerikaner, så vanleg internasjonal standard i Skulstuå tysdags kveld:) Sal av kaffe og gode kaker.
Venner av Skulstuå ynskjer alle hjarteleg velkomne!