Det vart ein forsiktig start på sesongens første arrangement med «Bøt og bedring» i Skulstuå, men det vart likevel ein triveleg kveld med fyr på peisomnen og bøting av gamle klede og litt kortspell utover kvelden – og sjølvsagt vart det kveldsmat etterpå.

Laila og Ann Ingeborg demonstrerte gamle kortspell – her blir det spella «Nervøs», til stor spenning både for dem sjølve og for publikum. Foto jon Olav Ørsal
Det er bra at det blir sett litt fokus på at det går an å reparere gamle og slitte klede, slik at dei blir mesta som nye igjen. I gamle dagar var det sjølvsagt at klede skulle reparerast, og gensrar vart ikkje kasta om ermkragane var utslitt – da var det rett og slett strikka på nye ermkragar, slik at dei nerast vart som nye og kunne brukast lenge.
Ann Ingeborg og Laila demonstrerte kortspell – dei spella «nervøs» og det vart så spennande at både spellarane og publikum var på «tå hev» til slutt. Etterpå var det diska opp med kveldsmat med heimbaka rundstykker og pålegg av det heimlaga slaget.