Da har vi fått pressemelding frå Surnadal kommune om besøksrutinene ved Surnadal sjukeheim for påska. Sjølv om både pasientar og helsepersonell ved sjukeheimen i stor grad er vaksinerte, så må kommunen forhalde seg til og etterleva nasjonale påbod og anbefalingar. Dette inneber nye besøksrutiner.
Nedanfor kan du lese dei nye besøksrutinene for påska ved sjukeheimen:
I tråd med dei nye nasjonale tiltaka som regjeringa iverksette for å få ned smitten i landet, vil følgjande rutiner gjelde for besøkande i perioden 25.3- 12.4 ved Surnadal sjukeheim:
Oppmoding
Vi oppmodar til at besøkande heimehørande i landsdelar med høgt smittetrykk, og besøkande frå lokalsamfunnet som nyleg har gjennomført reise frå, eller har/ har hatt nyleg besøk frå stader med høgt smittetrykk, om å samarbeide om følgjande tiltak:
- Det oppmodast sterkt til å utsetje besøk som ikkje er strengt nødvendige.
- Dersom vi etter særskilte vurderingar tillet besøk, må besøket ha fersk negativ koronatest og avvente besøk til 3 dagar etter dei har kome til Surnadal. Samstundes må det nyttast 2 munnbind under besøket.
- Er bebuaren alvorleg/ akutt sjuk gjeld unntak som tidlegare; aktiv bruk av smittevernutstyr blir gjeldande.
Generelt for alle besøk elles gjeld følgjande:
- Besøk skal avtalast på førehand. Besøksprotokoll blir ført.
Dørene blir stengde i denne perioden
- Ikkje kom på besøk om du ikkje føler deg heilt frisk.
- Bruk gjerne munnbind.
- Besøk foregår i hovudsak på rommet til bebuaren. Alternativt kan foajéen og Kafé Heimen nyttast dersom tilsette har høve til å følgje opp smittevernet aktuell vakt.
- Alle må halde 2 m avstand. Max 2 besøkande om gongen.
- Sjølv om tilsette sørger for reinhald/ desinfisering, oppmodar vi også besøkande om å desinfisere berørte overflater under/ etter besøket.
- Vi legg til rette for videosamtalar ved ønskje om det.
Då håpar vi innsatsen i denne perioden gjer at vi utover våren kan byrja å ta tilbake ein normal kvardag. Vi er takksame for samarbeidet de viser!