Måndag 28.september kl. 18:00 blir årets siste fotballkamp spela på Bordholmen stadion. Då tek Søya/Todalen G10 imot Surnadal G9 til eit nytt lokaloppgjer i lokalfotballen.
Det blir open kiosk med sal av mellom anna bakels og graut, men òg anna godsaker. På grunn av eventuell smittesporing må alle som tek turen registrere seg med namn og telefonnummer. Idrettslaget har personell som tek seg av registreringa, men Idrettslaget oppmodar alle til å påsjå at dei blir registrert.
Dette blir altså siste sjanse for å få sjå fotball live på Bordholmen stadion denne sesongen. Dette blir òg siste høve til å ta ettermiddagskaffen på Bordholmen i år. Vêrmeldinga for dagen ser bra ut, men det kan bli litt kaldt til kvelden, så det kan vere lurt å ta med seg varme klede!