Børgefjell nasjonalpark ligg i Trøndelag og Nordland fylker, innafor kommunane Røyrvik, Namsskogan, Grane og Hattfjelldal. Nasjonalparken vart oppretta 9. august 1963 – og seinare utvida i 1973 og 2003 og omfattar i dag eit areal på 1447 km2. Formålet med vernet av nasjonalparken er å ta vare på trua og sårbare artar, mellom dei fjellreven, og å ta vare på geologiske førekomstar og kulturminne.
Naturgrunnlaget innanfor nasjonalparken er viktig for samisk kultur og næring. Området skal kunne brukast til reindrift. Området er ikkje tilrettelagt for friluftsliv, men Statskog og jeger- og fiskarforeiningane i området har nokre hyttar det let seg gjere å leige. Eit informasjonssenter om Børgefjell og områda omkring finn du i Røyrvik, der XY-stasjonen som og driv Bygger’nbutikk har ei flott avdeling med turistinformasjon for Røyrvik kommune og for Børgefjell Nasjonalpark.
Spesielt for Børgefjell nasjonalpark er at parken er referanseområde for fjellreven. Vi veit at fjellreven får mykje hjelp i Dovrefjell, men her i Børgefjell må den klare seg sjølv – heilt utan hjelp. Dermed kan ein måle og sammenlikne resultat og korleis fjellreven klarer seg utan noko form for hjelp. På sentret trefte vi Kent Mikkelsen som tok oss med på ein interessant runde i sentret og han fortalte om laust og fast i både Røyrvik kommune og i Børgefjell nasjonalpark. Kent avsløra ein enorm kunnskap om dette og gjorde besøket der til ei stor oppleving.
Ei veke med jakt og fiske – eit liv i pakt med naturen
Vi var ein gjeng på 10 som stifta bekjentskap med dette flotte område i veka som gjekk. Nokre hadde sørga for jaktkort på småviltjakta i eit område i nærleiken av nasjonalparken, medan resten av gjengen bruka tida på litt aurefiske – til røyking og nedlegging av rakfisk til mørke kveldar seinare i vinter.
Sjølv om det var litt regn kvar dag den veka vi var der, som fikk vi også oppleve at sola var framme og pynta opp terrenget. I Børgefjellområdet er nemleg haustfargane på veg, og i løpet av veka skjedde det store endringar, som siste dagen viste oss kor fint det eigentleg kan bli.
Men det la ingen dempar på tilværet, og med gode amatørkokkar på laget kunne vi nyte noko av det som vart hausta inn ved bordet på kveldstid – både storfugl, ryper og ikkje minst aure frå det store vatnet like ved.
Bildegalleri frå livet i skogen – foto Jon Olav Ørsal og fleire til.