Lagseriestemna i friidrett er komne godt i gang – no blir det lagseriestemne for store og små kvar tysdag fram til ferien. Det er start kl 18.00 og dersom du vil kan du prøve på idrettsmerket på slike kveldar.
Sist tysdag var det godt oppmøte og det var til tider lang kø for å hoppe lengde med tilløp og stille lengde. Dei aller minste tykte det var like bra å leike seg litt i sanddungen – men alle sammen kosa seg i finveret.