Knut Bergli har sett i gang med vatning for å få til isbane på Bordholmen. Forsøksvis var det laga ein liten isbane i fjor, men i år blir det laga ein bane som er dobbelt så stor. Det er asfalten innafor klubbhuset som blir is-arena, som kan brukast både skøytebane, og til anna isleik. Dan Roger la eit godt grunnlag med brøyting i går kveld. Knut trur at med eit par timars jobb i dag og i kveld skal bli fin is til søndag.
Det er på yr.no meldt litt snø utover natta, men opphald og litt kaldere på søndag. Langtidsvarselet melder derimot om regn og 4-6 varmegrader utover heile veka, før det blir kaldare til neste helg.