Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene

Bord som tåler ein trøkk

Jon Olav Ørsal Laurdag 23. mai 2015

I Amfisentret i Surnadal trefte vi fredag ein kjent snekkar i aksjon – Gunnar Nordvik har dei siste par dagane jobba med ny uteplass for butikksentret. Det er laga terrasse med eit par rundbord og eit solid langbord med tilhørande benk. Her kan du trygt slå i bordet uten frykt for å øydelegge bordet i allfall….

GunnarAmfi_7878

Fin kvileplass i Amfisentret – solide furumøblar og terrrasse i MøreRoyal. Foto: Jon Olav Ørsal

Gunnar fortel at uteplassen og møblane terrassen er Møreroyal-produkt, medan langbordet på rundt 3,5 meter er «heimlaga» solid todalsfuru som er spesialskur frå MøreTres anlegg på Ansnessaga.  Det er innsett med olja for å få litt farge – og for å stå i mot vêr og vind. Same type bord er også levert til Todalshytta, for å brukast til lagbord framafor hytta – og med utsikt utover heile bygda, fortel Nordvik.

 

Publisert: 23. mai 2015, 16:27