I dag serverte Todalen Bondelag førmiddagsmat ved Todalen Oppvekstsenter. Då var alle skule-og barnehageungane samla i gymsalen til eit triveleg måltid. Der vart dei servert kakao, heimlaga steinovnsbaka brød, heimlaga youghurt og mykje anna godt pålegg. Mykje kortreist mat med andre ord.
Bondelaget tok seg av heile arrangementet, med både førebuingar og opprydding.
I tillegg fekk ungane sjå lysbilder frå Palestina, frå då Olaug og Sissel hadde vore på tur dit.
Alle foto av Eivind Bolme