Todalen Sanitetsforening forsøker seg på ein ny runde med bomkjøploppis måndag 17. april mellom klokka 18 og 20. Og da treng dei naturleg vis hjelp med salgbare lopper. Kven har ikkje opplevd å kjøpe noko som var veldig fint, men som nesten aldri vart bruka? Dette blir det no ei rå å gjere med, om ein vil lette litt på lagerbeholdninga si. Så om du har noko som kan egne seg, men synes er for gale å kaste kan det leverast enten til Ragnhild Ansnes Moe eller Åse Ville Redalen innan søndag kveld. Det går også an å ta med seg på morgoindagens sanitetsmøte som byrjar klokka 18.30. Og skulle ikke nokon av desse alternativa passe er det muleg å setje det inn i uthuset ved Sanitetshuset.
Kva kan leverast:
- klær dame
- sko dame
- vesker
- accesories
Varene blir seld for 50 kroner per del. Og det må være både reint og heilt. Det som ikkje blir seld, blir sendt til Estland etter påske. Dato for den innsamlinga er sett til 20. april.