Surnadal kommune er no salgsmodus, og averterer 15 nye boligtomter til salgs i det nye bustadfeltet på Øygarden på Nordvik. Nordvik har hatt god tilflytting dei siste åra av unge i etableringsfasen. No er det klart for å ta i mot enda fleire som vil ha fine, sjønære tomter med «eit kvarter til alt» innan rekkjevidde.
Tomtene varierer i pris frå 560 000 – 630 000 kr, avhengig av størrelsen som ligg på ca 1200m2. Og med eigen leikeplass, småbåthamn i nærheita og ei inkluderande grend skal det forhåpentleg vis gå greit å få seld nokre tomter rimeleg fort.

Surnadal kommune sitt prospekt frå deira Facebookside. På heimesida er det dessverre ingen ting å lese om dette prosjektet som vi kunne finne.
Andre ledige kommunale tomter i området er i Sollia og på Flathaugane:

Utsnitt frå Surnadal kommune si heimeside.