Eit bolighus i boligfeltet Bekkerhagan i Todalen står i full fyr. Alle naudetanane er på staden. Brannvesenet driv med slokkingsarbeid for å forhindre at brannen spreier seg til nabohusa. Alle som var i huset har kome seg ut, inkludert ein hund.
Det var klokken 21:44 politiet i Møre og Romsdal meldte om brannen på politiloggen. Her vart det opplyst at alle naudetatane rykka ut etter melding om brann i ein garasje i Todalen. Det var fare for spreiing til bustadhuset. Huset er no overtent.
Politiets operasjonssentral i Møre og Romsdal opplyser at alle naudetatane er på stadee, og at brannvesenet driv slukking. Bolighuset er overtent, så ein konsentrerer seg no om å hindre spreiing til nabohusa.
No klokka 22:42 melder politiet at det ikkje lenger skal vere fare for spreiing til andre hus i nabolaget.