Den siste tida har det vore jobba med tilrettelegging for bustad- og hyttefelt i området Øygarden på Nordvik. No er planane komen så langt at det er varsla start i planarbeidet for bustadfelt med 15 tomter, hyttefelt for 20 tomter, småbåthamn for 50-60 båter og eit areal for næringsbygg i det same området.
Det øverste platået er tenkt regulert til 15 bustadtomter på rundt 1 dekar, samt eit lekeområde og vegar. Nedre del er tenkt nytta til 20 fritidsbustader og det blir også vurdert bygging av sjøhus. I tillegg er ei småbåthamn med i planane, der det blir 50-60 båtplassar. Arealet for næringsbygg er plassert utafor vegen som går ned til kraftstasjonen, og her kan det for eksempel bli plass til lagerhus for båtar etc.
Meir informasjon finn du på nettsida til Surnadal kommune, der det står at «Det blir lagt vekt på å utvikle området med ein rasjonell og effektiv infrastruktur som er godt tilpassa terrenget og attraktive, godt byggbare tomter med god terrengtilpasning.»