Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene

«Boksøg» under Vårsøghelga

Bjørn Gunnar Ansnes Onsdag 19. april 2023

Under Vårsøghelga laurdag 27. mai klokka 13:00, inviterer Vårsøghelga til «boksøg» med Guri Sørumgård Botheim, leia av Svein Sæter. Dette er eit arrangement i samarbeid med Møre og Romsdal forfattarlag, og det blir musikalsk innslag ved Sigurd Brørs. 

Kven har rett til å bruke fjellet og til kva? Spørsmålet er brennbart stoff i folkesjela. Guri Sørumgård Botheim og Svein Sæter har båe nyleg gjeve ut bøker inspirert av natur og konfliktar på Dovrefjell. Under Vårsøghelga møtest dei til samtale om romanen «Høgfjellsmeldinga» av Guri.

Lesjingen Guri er gift med surnadalingen Sigurd Brørs. Han har laga omslaget til romanen og komponert ein song med tekst frå boka. Sigurd er med på boksøgen og framfører songen «Fjell og vilje».

Om «Høgfjellsmeldinga»

Romanen «Høgfjellsmeldinga» er ein poetisk pageturner om naturrestaurering, kontorliv, radikale meiningar, kjærleik, hemn og usynlege drivkrefter.

Hovudpersonen i «Høgfjellsmeldinga», Ragna Svae, får jobben som kommunikasjonsansvarleg ved Norsk villreinsenter på Hjerkinn. Ho flyttar frå Trondheim til eit knøttlite samfunn på Dovrefjell. Her vil ho starte eit nytt liv.

Men jobben viser seg å bli meir utfordrande enn ho hadde sett for seg. Hendingar i fortida blir kvervla opp. Eit djupt sakn tek tak i ho og dyttar ho i ei drastisk retning.

Romanen ha

«Høgfjellsmeldinga» er heilt fersk, men har allereie fått gode kritikkar. «… ein fleirstrenga og leseverdig roman», skriv Martha Norheim i NRK. Stein Roll i Adresseavisen trillar terningkast 5, mens Live Lundh i Morgenbladet framhevar humoren i boka.

Om deltakarane 

Guri Sørumgård Botheim kjem frå Lesja. I 2009 gav ho ut romanen «Ramstein pensionat» i lag med systera Sigrid. I 2016 gav ho ut «Heime mellom istidene», ei diktsamling om kva det vil seia å kjenne seg heime. Den nye romanen «Høgfjellsmeldinga» vidarefører tema frå diktsamlinga, men knyter seg nærare eit dagsaktuelt konfliktstoff: Kven har rett til å bruke fjellet og til kva? Guri er utdanna litteraturvitar og arbeider som rådgjevar i Norsk Forfattersentrum. Ho flytta i 2021 frå Trondheim til Dombås i lag med mannen Sigurd Brørs.

Sigurd Brørs kjem frå Surnadal. På dagtid er han grafisk designar i trondheimsfirmaet Headspin. På kveldstid er han låtskrivar og musikar. Sigurd var i mange år primus motor i pop-banda Karl Barx og The Brørs i Trondheim. Han har blant anna gjeve ut CD-en «Pappa-pop». Sigurd har laga songen «Fjell og vilje», lydsporet til romanen Høgfjellsmeldinga. Sigurd har òg laga omslaget til boka.

Svein Sæter er forfattar og journalist busett i Stangvik. Mange av bøkene hans har tema frå natur og historie. Han har ferdast i Dovrefjell og Sunndalsfjella sia barndommen, og har skrive mykje om denne store fjellheimen i aviser, tidsskrift og bøker. Sist haust gav han ut boka Kampen om Dovrefjell. Europas siste intakte høgfjellsøkosystem, i samarbeid med dottera Yngvild Sæter. I boka viser dei fram unike naturverdiar, som villreinen, og kva som truar desse verdiane.

Meir info: www.guriheim.no

Sjå musikkvideoen «Fjell og vilje» med Martine Haugen og Sigurd Brørs: Fjell og vilje | Lydspor til romanen «Høgfjellsmeldinga» – YouTube

 

Sagt om «Høgfjellsmeldinga»:

«Høgfjellsmeldinga» er ein fleirstrenga og leseverdig roman, som tek opp eitt av dei store spørsmåla i tida gjennom å følgje resonnementa til folk med svært ulike interesser. Romanen hjelper lesaren med å tenkje. MARTA NORHEIM, NRK

Terningkast 5 | Ragna er kvinnen som blir en av Dovrefjells helter. Og fienden for andre. STEIN ROLL, ADRESSEAVISEN

Humoren i romanen er av slaget som vokser underveis […] Skal vi kunne gjøre noe til vårt eget, en kamp til vår egen, er vi nødt til å kunne le av oss selv. LIVE LUNDH, MORGENBLADET

 


Medlem i Todalen.no – 


 

Publisert: 19. april 2023, 11:45