Søndag ettermiddag inviterte Todalen historielag sambygdingane til «bokslepp», der dei presenterte det nye årsskriftet for 2014. Det er årsskrift nummer 13 i rekkja, og inneheld 84 sider med lokalt historisk materiell både i for av tekt og mange bilder. Artiklane er rikt illustrert og i tillegg er det sett av nokre sider til «minnenes album» det det er bilder frå forskjellige hendingar og folk i mange samanhengar.
Det var ledar i Todalen Historielag, John Moe, som kunne ønskje mellom 40 og 50 historieinteresserte velkomne til bokleppet i Todalen ungdomshus. Han oreienterte om arbeidet med heftet, og kunne fortelje at dei har massevis med stoff og idear som dei jobbar med. I årets hefte er det presentert både nytt og gammeld, men startar med minneord om Alf Ramsøy og Olav Kvendset, som er kulturberarar som har gått bort det siste året.
Gjennom heftet er det stoff både om markaslått, todalsfurua, Dalahaugen og om dei siste skomakarane i bygda. I samband med dette var det laga ei utstilling med gamalt skomakarutstyr som i dag finns på garden i Svinvika. Elles har inger Johanne Iversen skrige ein artikkel om bestefaren I.H.Kvendset, som var lærar, klokkar og ikkje minst songentusiast i bygda her. Vidare er det omtale om kulturvandringa som i år gikk gjennom Jonhagan og nedover til Trøinn og til kyrkja, samt at skuleborna i Todalen har laget stoff frå den lokale historieundervisninga på skulen, og som sagt eit rikhaldig album som fanga stor interesse.
På programmet elles stod det filmvisning frå handtering av korn i gamle dagar. Det var film frå eit prosjekt som Start 4H hadde på 90-talet, der det vart vist både kornskjæring og tørking på staur, før kornet vart trøska på gammelmåten og filmopptak med den gamle trøskarmaskina. Eivind Grønmyr var prosjektleiar for 4H-prosjektet den gongen og fortalte om korleis dette foregikk og korleis dei laga filmen. Det var Anders Talgø som gjorde filmopptaka og han viste også nokre redigerte opptak som Magnor haltbakk hadde gjort tidlegare. Han fortalte om utviklinga i dette arbeiet og den skaut fart etter krigen. Den første sjølvbindaren kom til bygda i 1952, men fekk alt i 1955 avløysing av den første slepetrøska som kom i 1955 – den kosta 15.000 den gongen. trøskarverket var i drift til først på 60-talet.
Det var knappe 50 frammøtte på boksleppet søndag. Totalt har historielaget rundt 200 medlemar – både innfødte og utflytta todalingar som har stor interesse for bygdehistoria. Heftet vil bli til sals på Matkroken Todalen og i bokhandelen i Surnadal. I redaksjon for årsskriftet har vore Sven Olav svinvik, Dordi Jorunn Halle, Wenche ø. kvendset og Maren Ansnes. I tillegg har Ragnhild A. Moe og Ingri Bruset redigert minnenes album og skannet mange bilder til lagets fotoarkiv.
Det var knappe 50 frammøtte på «Boksleppet» i Todalen ungdomshus – sjå i bildegalleriet. Foto: Driva/Jon Olav Ørsal