Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene

Bokslepp – ny bygdebok er klar for sal

Jon Olav Ørsal Fredag 16. oktober 2020

Fredag kveld var det premiere for Bygdebok for Surnadal – bind 4 som omtalar området frå Polden, over Lykkjeeidet og oppover til Sogge.  Boka hoppar elegant over Grimsmoen og Skei som blir med bindet som omtalar sentrum.  Bind 4 vart eit solid verk som viser over 2 kilo på vekta, men det vart eit bra produkt  – faktisk betre enn dei 3 første med tanke på bilder, gode forteljingar og anna dokumentasjon fortel dei to redaktørane Siv Snekvik og Norunn Holten.

Bygdeboknemnda har lagt ned ein stor innsats med bygdebøkene for Surnadal – frå venstre Gudrun Storholt, John Storløkken, Lars Polden, Råg Rane og Odd Einmo (ikkje med på biletet. Foto: Jon Olav Ørsal

Koronasituasjonen har gjort at det har vore litt spesielle tilhøve for produksjonen av dette bindet. – Vi har ikkje kunna teke mot besøk eller besøkt nokon, men sakte men sikker har vi jobba oss framover ved hjelp av e-post, telefon og god hjelparar ute i felten. Fredag kveld var hjelparane invitert til Frivilligsentralen lokaler for å få presentert boka og få sine eigne eksemplar for av bind 4 som eit synleg bevis på mange  god bidrag i bokarbeidet. Bind 4 er det første bindet som omtalar gamle Surnadal komme – dei 3 første er frå gamle Stangvik kommune.  I fortsettinga blir neste bind frå øvre Surnadal, før sentrum og nedre Surnadal kjem med. Tilslutt kjem gamle Åsskard kommune med Bæverfjorden og Bøfjorden med. 

Som redaktørane sa i  sin presentasjon – Etter eit langt svangerskap kom det ei flott bok med 570 sider med gammel slektshistorie, massevis av flotte bilder og gode historier som er samla mellom dei to permane. Bind 4 har same design som tidlegare utgaver, men  bind 4 har veldig mange og fine bilete, og Inge Solheim som har bidrege med bilderedigeringsarbeidet har gjort ein framifrå jobb, og det har også Rennesanse Media også gjord med klargjering til trykking.

Laurdag blir altså den nye bygdeboka lagt ut for sal på kulturhuset i tidrommet 12 – 16  i samband med Vårsøgprogrammet – elles blir sjølvsagt boka å få kjøpt på biblioteket i Surnadal etter helga – der får du og kjøpt dei 3 binda som er komne ut tidlegare.  

Gode hjeparar i arbeidet med å samle inn info slektshistoria til bind 4. Foto: Jon Olav Ørsal

Dei god helparane fikk kvar si bygdebok – her er dei nysgjerrige på korleis det nye bindet vart i trykken. Foto: Jon Olav Ørsal

 

 

 

Publisert: 16. oktober 2020, 19:58