Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene

Bokslepp for Magnys notatbok- og diktsamling

Jon Olav Ørsal Sundag 4. november 2018

 Det var søstrene Jenny og Ingrid som laurdag presenterte notat- og diktboka som søstra Magny hadde ideen til. Magny gikk bort så alt for tidleg i 2016 – berre 48 år gamal.  Men ho rakk å skrive feire dikt og hadde klekt ut ideen til å lage ei notatbok, der ho kunne publisere dikta ho hadde skrive. Venner og familie har teke på seg å realisere dette bokprosjektet, og no er boka her. Boka vart presentert under dagens bokslepp i Kaffekroken på matkroken i Todalen.

Kom frå Tustna for å kjøpe boka. Frå venstre Steinar Hasselø, Lars Haltbakk, Jenny Haltbakk, Berit Tafjord, Alma Gikling, Ingeborg Tafjord og Johan K. Ørsal. På ein slik dag var det sjølvsagt servering av blautkake til kaffen.  Foto: Jon Olav Ørsal

Utover dagen dukka det opp mange både slekt og venner for å få med seg boksleppet og for å kjøpe bok. Det kom slektningar heilt frå Tustna og mange frå Sunndalssida av Todalsfjorden.  Magny hadde mange vener både på denne sida av fjorden og ikkje minst frå Sunndalssida, der ho har budd sia 18-årsalderen da ho flytta heimafra.

Det er Magny som er forfattar av boka, men ho rakk som sagt aldri å gje den ut før ho vart innhenta av kreftsjukdomen, og døde berre 48 år gamal. – Det er venninna Ingeborg Tafjord som har gjort det  grafiske arbeidet med boka som er trykt hos EKH Grafisk. Den er trykt på solid og tykt papir og har fått ein solid ringperm som tåler mykje bruk.

Travelt utover dagen – Jenny og Ingrid pakka bøker for sending med posten i tillegg til at det var mange som kom for å kjøpe boka. Foto: Jon Olav Ørsal

«Jeg velger livet» er ei kjelde til inspirasjon. Magny delte nokre av sine tankar med oss med disse dikta. Boka inneheld også notatsider som kan brukast til dagbok/notatar, oppskrifter eller andre viktige ting. Det er berre å bruke fantasien på kva du vil bruke den til. Bakerst i boka finn du kalender, der du kan notere viktige hendingar.

Søstrene Jenny og Ingrid som stod for boksleppet i dag seier at det var viktig for dem å gje ut boka som Magny la grunnlaget. Det har vore ei tung tid og stort sakn for søstrene, men dei har aldri vore i tvil om at det skulle være med og realisere prosjektet. Nå er arbeidet med boka ferdig, med det står att mykje arbeid med salet av boka.  Den kjem no i sal fleire plassar, både i Surnadal, Todalen og på Sunndalsøra.

I Todalen blir boka å finne hos Matkroken Todalen, i Surnadal hos Cafe Dan i Domusbygget og hos Ivar Øverlie i Amfi Surnadal.  På Sunndalsøra blir den å få kjøpt hos Tante Bodil i Åkersgata 5 – bak Amfi Sunndal.  Prisen for boka er kr 350.   

Dersom du ønsker å få boka tilsendt kan du Vipse til 41624991 Jenny Stensby. Merk: bok og navnet ditt, eller betale til kontonummer 4040 19 35985 – Merk: Bok og navnet ditt. – Boka kan sendes til deg mot tillegg for frakt (Kr 90).  Bestilling på e-post eller messenger til: ingrid.solberget@gmail.com eller jenny.stensby1965@gmail.com

May Holten kjøpte boka – ho var nabo og hadde Magny som elev i barneskulen. Foto: Jon Olav Ørsal

Kakeservering – Johan K. Ørsal var på plass på boksleppet. Han er gusva til Magny og rusta seg med 2 bøker. Foto: Jon Olav Ørsal

I kaffekroken – frå venstre Ester karin rendal, Sissel Redalen og Terje Nordvik var på bokhandel. Foto Jon Olav Ørsal

Først publisert: 4. november 2018, 05:00 - Sist oppdatert: 3. november 2018, 21:46