Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene

Bokprat med Anders Totland på Surnadal bibliotek

Bjørn Gunnar Ansnes Onsdag 16. oktober 2024

Tysdag 22. oktober klokka 19:30 kjem den populære forfattaren Anders Totland til Surnadal bibliotek for å ha bokprat med fokus på sin nyaste roman «Til døden skil oss». Totland har gjeve ut 17 bøker på 9 år, og er etter det  Aftenposten meiner, kanskje sin generasjons mest allsidige forfattar. No har han kome med bok nummer to om Jacob Juul.

I sommar og i haust har Anders rulla på landevegar (Sør-)Noreg rundt i ein Volvo 245 frå 1979. Med bagasjerommet fullt av bøker har han køyrt frå frå bokhandel til bokhandel, til bibliotek og rasteplassar. Omslaget til den aktuelle boka, er nemleg pryda av ein gammal, raud Volvo – med ei hand som stikk fram frå bagasjerommet. Då ein ven tipsa han om salsannonse for ein nesten prikk lik bil, slo Anders til og skaffa seg promo-bil! No gjenstår det å sjå om Volvoen heng med hit – då vi har høyrt rykte om at han berre har sommardekk.

Når Anders Totland kjem til Surnadal tysdag, kjem han kanskje med denne Volvo 245-en? Foto: Privat

Då romanen «Til jord skal du bli» om den pensjonerte presten, birøktaren og sprithandlaren Jacob Juul kom ut i 2022 gjekk boka rett inn på den nasjonale bestseljarlista, blei selt til fleire andre land – og skal i tillegg bli film. Den nokså frittståande oppfølgjaren «Til døden skil oss» blir skildra som ei bok fylt med humor, spenning og varme – sydd saman til ei burlesk historie der alt kan skje.

Biblioteket oppfordrar til å ikkje gå glipp av denne kvelden. Det er gratis inngang og servering av kaffe og te.

Publisert: 16. oktober 2024, 12:38