Måndag 7. november i tidsrommet 17.30 – 19.00 markerer biblioteket i Todalen at det er nordisk bibliotekveke 2016. Karen Johanne og Britt har rydda plass til ein masse nye bøke, og elles blir det både høgtlesing og leseløype. – Og FAU spanderer og kakao til ungane og kaffe til dei som er litt større.
Kom og finn deg ei bok til mørke haustkeldar, oppfordrar Todalen bibliotekfilial, Todalen oppvekstsenter og FAU som står for arrangementet i lag.