Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene

Bokkveld for liten og stor

Elinor Bolme Fredag 15. november 2013

I går kveld arrangerte FAU og Todalen bibliotek eigen bokkveld, der det naturlegvis var ope for lån av bøker, men også ei høveleg anledning til å bli kjent med biblioteket og kva det har å by på. Karen Johanne Talgø dreiv for fullt å organiserte bortimot hundre nye bøker som denne dagen hadde komme frå biblioteket i Surnadal. Sidan det er kjøpestopp på nye bøker, må den lille filialen i Todalen ta til takke med litt «gammelt nytt» frå Skei. Men Karen Johanne seier at dei meir enn gjerne kan skaffe bøker etter ønske frå biblioteket på Skei.

Nokre mødre i FAU sto for serveringa, og her var naturlegvis alskens godt til kaffe og kveldsmat, for store og små. Ungane kune både lese, bli lest for, fargelegge og sjå ein god gamaldags Espen Askeladd film. Ikkje kvardagskost no til dags.

Under er nokre bilder frå kvelden. Alle foto ElinorB

 

Først publisert: 15. november 2013, 07:24 - Sist oppdatert: 14. november 2013, 22:44