Kari Løvendahl Mogstad har opplevd spiseforstyrring innafor eigen familie, og har skrive bok om sine opplevingar saman med si dotter Selma. No kjem den utflytta Surndalingen «heim» for å fortelje om si erfaring med denne sjukdomen og for å bli bokbada. Torsdag 1. desember arrangerer Surnadal demensforening og helselag bokbad, der Kari Løvendahl Mogstad kjem for å presentere boka «Vår vei ut» som ho og dottera Selma har skrevet i lag. Det er Kari Evensen, som sjølv er sjukepleiar, som skal bokbade Mogstad.
Mogstad seier at dette er noko som kan skje alle, og starta så truskyldig i samband med førebuing til ein sydentur og eit ønske om å slanke seg litt. -Det tok litt tid før vi forstod av det var fare på ferde og spiseforstyrring på gang og fanga opp signala. Både eg og mannen min er legar, så etter kvart skjønte vi at det var noko som var inne i ei dårleg utvikling. Det gjekk tre år før Selma kom seg ut av sjukdommen, og i den perioden var alle i familien prega av at Selma var sjuk. Både Kari og Selma er glade i å skrive, og etterkvart kom ideen om å skrive bok – både som eigenterapi og kanskje til hjelp for andre som er komne i same knipa.
Torsdag 1. desember kjem altså Kari Løvendahl Mogstad til Surnadal for å bli bokbada av Kari Evensen som understrekar at dette er aktuelt for alle – både dei som er sjuke, pårørande og ikkje minst dei som arbeider med ungar, ungdommar og ikkje minst dei som er interessert i folk. -Vi er heldig som har fått kapra Kari, seier Liv Botten som er leiar i Surnadal demensforening og helselag. Dette er eit alvorleg og vanskeleg tema, og eg håpar at mange kjem for å sjå og høyre Kari M og Kari E denne kvelden!
Surnadal Demensforening og Helselag er medlem i Todalen.no