Fredag kveld var det premiere for boka om Nordmøre Husmorskule i Stornaustet på Halsanaustan. Det er Halsa heimbygdlag som har teke initiativ til å samle historia til husmorskulen i bokform. Ein komité har samla stoff og bilde, og Einar Oterholm har ført boka i pennen – til saman 157 sider med rikt illustrert historie.

Forfattaren i midten, omkransa av frå venstre Torgunn Henden, Solvår Skogen Sætherbø, Gjertrud Aasbø og Bjørg Reiten som har vore med og samla stoff og bilder. Foto: Driva/Jon Olav Ørsal
Boka er ein stor kulturskatt for både Halsa kommune og Nordmøre, sa Bernt Bøe som hadde omtale av boka på premierekvelden – og vi legg også til elevane. I boka er det bruka veldig mange bilder – bilder fra både undervisning, skulearbeid og veldig mange elevbilder frå heile epoken som er omtala i boka – frå starten i 1921 og fram til skulen gikk over til å bli vidaregåande skule i 1977. Skulen var lokalisert til Øydegard i Tingvoll kommune fram til krigen starta, men vart så flytta og kom i gang igjen i 1941 på Halsanaustan. Og det er nok mange frå lesarkretsen vår som har gått på husmorskulen – både da den var i Straumsneses og på Halsa. Sjølve skulebygninga brann ned til grunnen i 2014, og da var det nok mykje historie som gikk opp i flammar, men redaksjonsgruppa har klart å samle trådane i husmorskulehistoria og bildemateriell.
Du kan også lese om boksleppet på Driva.no (+-sak som krev abbonnement.) – Boka er til sals hos utgjevaren Einar Forlag (telefon 472 89 898) og på bokhandelen i Surnadal.

157 sider med historie frå tida til Nordmøre Husmorskule i tidsrommet 1921 til 1977 – ein kulturskatt sa Bernt Bøe i sin omtale av boka. Repro: Driva/Jon Olav Ørsal