Denne helga er det Bøfjordhelg – den starta alt fredag kveld med fotballkomp på Leikarvollen og Quiz i Grendahuset. Det er ikkje første gongen at det arrangerast Bøfjordhelg, men det er første gong at inntekta går til nærbutikken. Nyleg reopna Bøfjord samvirkelag sin butikk på Bølandet som den første døgnopne hybridbutikken i kommunen. Inntekta frå Bøfjordhelga 2024 går til digitaliseringa av butikken som er ei satsing på framtida for folket i Bøfjorden.
Laurdag fortsett programmet med mange aktivitetar – vi kan numne Buamrsjen kl 12 og ponnyridning med heste quiz og fortsett med auksjon på kaia og pub på kai som siste innslag laurdag. Søndag arrangerast Blåfjelløpet og på Sjøbruksmuseet er det «Handel og vandel» som er tema. På plakaten som vi har lagt ut nedafor finn du heile programmet.