I helga er det storhelg i Bøfjorden med program og aktivitetar frå fredag til langt utpå søndagen. Bøfjordhelga startar på Kveldheim fredag kveld der Bø Grendalag arrangerer salgsmesse med tekstil- og keramikkvarer, kosmetikk, bakarvarer og anna. Noko av dette blir også framme på Grendahuset laurdag. Her blir det naturlegvis serverert kveldsmat og kaffe før dei avrundar med trekning av dagens utlodning.
Laurdag er det Bøfjorden Grendahus som er arena for ein rikhaldig dag, som i følge plakaten skal avsluttast med revansjeoppgjeret mellom Bøfjorden og Todalen sine fotballkarar. Dei som var på Bordholmen før ferien veit at dette blir ein fotballkamp der ingen har tenkt seg til å tape. Før seniorane tek til er også knøttane Todalen og Surnadal inviterte utover til å spele nokre kampar. Blir kanskje like så spendt?
Dette er berre noko av aktivitetane. Sjå heile programmet her: Bøfjordhelg 2015 Plakat eller gå inn på Bøfjordnett.no