I går kveld tok Søya/Todalen sitt G9 lag turen til Bæverfjord og Bæverfjord stadion for å spele seriekamp mot Bøfjord/Bæverfjord. Heimelaget hadde ikkje greidd å finne dommar til kampen, så Anders Gjeldnes stilte sporty opp, og på kort varsel tok han på seg å dømme kampen. Og rapportane seier at han gjorde ein god jobb som dommar!
Heimelaget kom best i gang og førte kampen i første halvdel av første omgang. I siste halvdel av omgangen kom bortelaget derimot med for fullt i kampen og tok til å score mål.
Andre omgang var jamspelt med mange sjansar til båe lag. Det var god innsats og mykje godt spel. Båe laga kjempa til siste slutt, så det vart til slutt ein målrik kamp. Da dommar Gjeldnes bles av kampen, viste resultattavla at bortelaget hadde scora meir enn ti gonger, og fleire enn heimelaget.
Takk til Anja Nordvik for informasjon og bilete!