Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene

Blomstringa nærmar seg toppen

Jon Olav Ørsal Torsdag 23. mai 2019

Det er no full flor i hagen på Svinviks arboret.  Varmen vi har hatt dei siste dagane har gjort at blomstringa har skote fart, men med litt kaldare vêr dei neste dagane no nå vil vi nok kunne nyte rododendronblomstringa ei god stund enno, seier Katarina Wedelsbäck Bladh ved Svinviks arboret.

I disse dager er frukthagen ein flott skue, fortel Katarina Wedelsbäck Bladh

Kom innom kaffeteriaen så kan vi by på ein godbit , seier Maja Frønes og Martina Harper Vegmo.

Fruktblomstringa trur ho nådde toppen i går, men vil enno være ein flott skue i fleire dagar framover. Frukthagen er utruleg flott slik som han står fram no, og er da også satsingsområde for Svinviks arboret.  Arboretet har fått tilført midlar for å kunne fungere som genbank for gamle fruktsortar som det er viktig å ta vare på.  Dette vil nok føre frukthagen til gamle høgder etter kvart som fleire av dei gamle sortane blir førte tilbake.

No er det ei travel tid i arboretet, med mange busslastar med grupper som kjem for å sjå den unike hagen ved Todalsfjorden. I kafeteriaen serveres det godbitar og lette lunchrettar til kaffen så vi anbefaler ein stopp der i samband med besøk i hagen. 

Vaktmester Ola Bruset i gang med kantslått i arboretet.  Foto: Jon Olav Ørsal

Daniel N. Bøe styrer dei to robotkløpparane i Arboretet. Han er «flåtesjef» i kommunen med ansvar for i alt 8 robotkløpparar. Foto: Jon Olav Ørsal

Det er mykje knoppar på rododendron enno – blir det meir varme så kjem dei fort. Foto: Jon Olav Ørsal

Her er det fyll flor i alleen ned frå porten. Foto: Jon Olav Ørsal

 

 

Publisert: 23. mai 2019, 10:46