Maiblomsten har tradisjon heilt attende til 1909, og har nok vore tilbydd i Todalen sia 1916 når Todalen Sanitetsforening starta. Denne helga har Saniteten stand på Matkroken for tilby årets maiblomst i fleire variantar. Fredag føremiddag var det Karit Kvendset som tok sin tørn, men det blir folk der både i dag og laurdag, og inntekta går til arbeid for born og unge, fortalte Kari.
Maiblomsten er egentleg av svensk herkomst, der dei starta i 1907, står det å lese i Wikipedia, som skriv:
«Maiblomsten er ei lita, blomsterforma nål til å sette på jakkeslaget eller liknande. Maiblomsten oppsto i Sverige etter en idé av Beda Hallberg, og har vore seld i Sverige sidan 1907. Norske Kvinners Sanitetsforening (N.K.S.) tok til med sal av Maiblomsten i Noreg i 1909, seinare vart han seld i samarbeid mellom N.K.S. og Nasjonalforeningen for folkehelsen. Blomen blir også seld i Finland og Estland»