Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene
Blomster er livet …

Blomster er livet …

Jon Olav Ørsal Måndag 12. juli 2010

I Sissihaugen hos Ingunn og Eilert er hagen i full flor no om dagen. Grunnlaget vart nok lagt så langt attende som i mars, da både blomster- og gransakfrø kom i pottene i stua. Lenger ut på våren var det tid for å prikle over i små potter som seinare vart flytta ut i drivhuset så snart det begynte å vårast. Etter kvart måtte blomstene vike plassen i drivhuset for tomat- og agurplantene som no dominerer.

Ingunn har alltid hatt interesse for blomster, men det heile «tok av» da ho fylte 60 for nokre år sia. Da fikk ho pengegåve som var øyremerka til drivhus av familien, og sia har det berre vorte meir omfattande produksjon. Drivhuset vart innkjøpt og montert i hagen, og hit vart det lagt jordkabel med strøm med tanke på oppvarming. Oppvarminga gjer at Ingunn klarer å halde drivhuset frostfritt, og kan forlenge sesongen i begge retningar.

Etter kvart har også sambygdingane oppdaga at blomster til eigen hage kan kjøpast lokalt, og det er nok mange planter som har funne vegen både til private hagar og ikkje minst til gravsteda på kyrkjegarden frå «gartneriet» i Sissihaugen.

Ingunn klagar på sein og kald vår og er nok atskillig forsinka med produksjon av både blomster og grønsaker av denn grunn. Men det blir vel omsider, seier ho, og trøstar seg med at det er mykje att av sommaren enno. I drivhuset er agurken og tomaten på god veg. Agurken er berre nokre dagar unna at innhausting så smått kan starte, medan tomaten enno treng nokre dagar før vi kan sjå at raudfaga kjem.

Ingunn driv biologisk, og det er ikkje snakk om å bruke kunstgjødning i hagen der. Ho lagar kompost som ho blander inn i jorda, og jammen ser plantene ut til å trivast med det. Da todalen.no var innom var ho i full gang med utplanting av grønnsaker som har vore drive fram i veksthuset. Så får vi berre håpe at det blir vokstervêr utover sommaren, før det blir ein travel innhaustinsperiode for å få vinterforsyninga i hus.

Eilert får ikkje blande seg borti hagedrifta, seier han. Men han lyt nok være handtlangar og hjelpe til litt likevel. Men det er heilt klart at det er Ingunn som er sjefen og at hagen er hennar domene. Sikkert er det iallfall at dei har ein fin og velstelt hage, og ein triveleg og tidkrevande hobby!

Publisert: 12. juli 2010, 00:03