Det heile starta fint og pynteleg, då dagens lagseriestevne byrja på Bordholmen i ettermiddag. Ungane hoppa lengde både med og utan tilfart før dei fortsette med liten ball og 60 meteren. Det var ikkje på det aller meste med ungar som møtte, men dei som kom fikk i allefall litt lett underhaldning.
Laila Kvendset var utgått på å prøve å ta idrettsmerket, da ho var ein habil utøvar i yngre dager og følte presset då Åshild tidlegare hadde oppfordra fleire til å delta. Og med det var det gjort, plutseleg var det to som kappast om å kaste lengst og springe fortast. Men både Laila og undertegnande (som var den andre) vart samde om at dette ikkje var gjort på ein kveld…
Neste gang, som også er siste gang før ferien er onsdag 15. juni. Da blir det helt sikkert en oppfølger på Idrettsmerketakingen for de over 30.
Nokre bilete frå seansen; alle av ElinorB