Dette blir ein spanande vinter for Oda Halle. Måndag 18. august reiser ho til andre sida av jordkloden – eller nærare bestemt til Auckland på New Zealand. Saman med venninna Liv Ingrid Helgetun set dei seg på flyet i Trondheim, og første mål er Gardermoen og vidare til Qatar og vidare til Singapore, der det er stopp i første omgang.
I Singapore har dei tenkt å opphalde seg i 5 dagar før det ber vidare til Sydney og ny stopp i 6 dagar for å sjå seg rundt. Så er til slutt målet Auckland på New Zealand. Der skal dei være dei første dagane for å søkje seg høveleg arbeid. På New Zealand går det no mot vår, og da er det nok eit bra utbod på sommarjobbar og Oda var nok litt spent på kva som ville by seg. Ho har lyst til å reise rundt litt på New Zealand og sjå seg rundt og prøve litt forskjellig.
Dei to siste åra har Oda hatt helge- og sommarjobb på Matkroken i Todalen i kombinasjon med skulegang på Surnadal vidaregåande skule. Etter at ho no er ferdig der, tek ho eit år pause i studiane for å ut i verda og sjå seg rundt, og for å tenkje seg om kva ho vil fortsette med.
Vi får nok høyre meir frå Oda og opplevingane hennar etter kvart. Ho har lova å sende oss reisebrev når ho etter kvart får etablert seg på andre sida av jordkloden. I første omgang ønskjer vi Oda og Liv Ingrid god tur!