Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene

Blir du med ut på Kløvertur?

Dordi Jorunn Halle Sundag 26. februar 2017

Måndag 27. februar er det ny Kløvertur. Start frå Matkroken kl. 11.00. Turen denne gongen blir etter veg – frå Matkroken utover Stranda til kraftstasjonen, tilbake ned til smoltanlegget og rundt i Sissigrenda. Veret bestemmer litt kor turen vil gå.

Men Yr.no lovar fint ver, både litt sol og varmegrader, så dette kan bli ei fin turøkt. Håpar riktig mange blir med ut på tur! Vel møtt!

Publisert: 26. februar 2017, 00:15