Det var ein entusiastisk gjeng som var samla til første møte om julerevy. Det er fotballgruppa som står som arrangør av 3.-dagsfesta og dei følgjer tradisjonane vidare med revy på programmet. Dei ligg enno i startgropa, og treng mange til å være med for å få til dette, og vi går no ut for at alle som har lyst skal få sjangs til bli med. Vi treng folk til å være med på skriving, på scena, bak scena og til mange andre jobbar. Du treng slett ikkje å væra «proff» – vi har bruk for alle, seier ledar i fotballgruppa Borghild Talgø.
Vi har også mange dyktige revyfolk som er flytta ut av bygda, og vi har tanker om å prøve å etablere fleire grupper som kan bidra. F.eks har vi god erfaring med drahjelp frå «Oslo-gruppa» gjennom fleire år. Har dere eller andre lyst, så er det berre å ta kontakt så får vi til eit samarbeid, seier revygjengen som var samla til møte søndag kveld.
Julerevyen har ikkje fått noko namn enno, men det har skjedd så mykje i år at det er massevis av godt stoff til å få til ein god og artig revy, fortsetter møtegjengen. Eit godt og velklingande namn på revyen skal vi alltis få til, seier Håvard Halset som er veteran i revysamanheng.
Så altså: Har du lyst til å bli med er det berre å ta ein telefon til Borghild Talgø tlf 908 41 614 eller til Håvard Halset tlf 402 33 465. Og til alle andre: Sett av 3. juledagskveld (27/12) til revyfest i Todalen ungdomshus!