Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene

Blir det snart betring i vêret?

Jon Olav Ørsal Fredag 31. mai 2019

Fredag morgon kunne vi notere 5 grader på gradstokken, medan minimumstemperaturen i løpet av natta har vore på rundt 3 grader.  Den siste tida har det faktisk vore sludd og slaps i regnet og nattetemperaturen har også vore på minussida. Slikt vêrbruk minner faktisk om oktobervêr!

Men det er faktisk betring i sikte, både med mindre nedbør alt utpå ettermiddagen og på langtidsvarselet er det utsikter til betre temperatur frå måndag kveld og utover.  Torsdag i neste veke viser yr.no fram 20-talet på temperaturskalaen, og lover både lite vind og mesta fritt for nedbør. Så star det faktisk att å sjå om dei treffer på med meldingane?

Publisert: 31. mai 2019, 12:17