Fredag klokka 12 var elevane i 3. 4. og 5. klassen på Todalen og Stangvik oppvekstsenter med og dansa saman med ca 80 000 andre barn i landet. Dette for å markere BlimE.
I 2010 starta NRK Super haldningskampanja BlimE som dei markerte med utdeling av armband. I år var det BlimE-dans.
Formålet er å inspirere alle barn til å sjå kvarandre og bry seg om kvarandre.
Sei hei, ver ein venn!
Du kan gjere ein skilnad. Du kan sjå andre.
Sei hei, ver ein venn. BlimE!