Måndag kveld møttes Søya/Todalen og Surnadal i klassen G10 til kamp på Bordholmen. Her var det full gass frå start til slutt, og det vart ein målrik kamp. Surnadalsgutane vart hakket for sterke og vann med god margin. Gutane og dei to jentene på Søya/Todalen hadde likevel fleire fine sjansar etter gode gjennomspel.
Men med nystekte bakels og kanskje ein is etter kampslutt så vart nok humøret på topp hos alle spelarar igjen rimeleg fort..