Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene

Bli sett – bruk refleks

Bjørn Gunnar Ansnes Torsdag 16. oktober 2025

I deg torsdag, er det refleksens dag. Bli sett – bruk refleks, det reddar liv er hovudbodskapen denne dagen. Vi har no kome til den mørke tida av året, og det er viktig at alle som ferdast etter vegane, uansett om ein syklar, spring/joggar eller går brukar refleks slik at ein blir sett av dei køyrande!

Dei som syklar blir i tillegg til å bruke refleks, oppfordra til å montere lys og bruke dette når ein syklar! 

Her er nokre tips om refleks:

  • Sjekk at refleksen virkar. Dette gjer ein til dømes ved å henge den opp og gå eit stykke unna og lyse på den med ei lommelykt. Alle refleksvestar og selar har begrensa levetid og må skiftast ut med jamne mellomrom. 
  • Fest refleks på alle jakkar, sekkar og bagar.
  • Bruk refleksar som bevegar seg når ein går, da er det enklast å bli sett.
  • Bruk minst to refleksar, ein på kvar side, slik at ein er synleg frå alle kantar. 

Da oppfordrar vi alle til å bruke refleks når ein skal ferdast langs vegane, både for eiga, men også for andre si sikkerheit!

 

 

 

Publisert: 16. oktober 2025, 10:35