Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene

Bli medlem i T.I.L., oppfordrar Michal

Jon Olav Ørsal Laurdag 19. januar 2019

Laurdag føremiddag hadde Michal Heimlund teke plass i kaffekroken for å selje medlemskap i Todalen Idrettslag. Idrettslaget har forresten allereie rundt 290 betalande medlemar, og det er slett ikkje verst når vi her i bygda har rundt 300 innbyggjarar med smått og stort.

Michal er snar til å fortelje at det nok er ein del av medlemane som bor utafor «Kammen», men som ønskjer å være medlem i idrettslaget. Når du er medlem har du sjølvsagt tilgang til å bruke tenester som laget stiller til disposisjon – slik som treningsstudioet «Hett og svett», Bordholmen, Skihytta og ikkje minst det nye lysløypeanlegget på Tjønnmyran. Kontingenten er kr 150,- for både liten og stor, og det er rimeleg med tanke på dei fordelene du oppnår, seier Michal. Ein del folk som ferierer i Todalen eller har tilhørighet på anna måte, støttar opp med medlemskap, seier han. 

– Tek du turen innom butikken i dag så kan du betale medlemskontingenten både med Vipps, kontantar og kort – enkelt og greit. Elles kan du sjølvsagt få faktura og betale i nettbanken.

 

Publisert: 19. januar 2019, 11:14