Det er Elinor Bolme – leiar i Todalen Idrettslag – som oppfordrar til å bli med ut i frisk luft. – Vi trefte Elinor saman med elghunden Sako i Toåa tursti søndag ettermiddag. Elinor reklamerer med kjempefine forhold for trim både i Toåa tursti og i lysløypa på Tjønnmyran.

Gapahuken i Båthølen – her går det an å legge inn ein kaffepause når du er på tur – om eit par veker kjem sola att og! Foto Jon Olav Ørsal
I Toåa tursti er det både køyrt på skispor, medan det er brøyta gangveg frå Trøbakkan og nedover til Gapahuken i Båthølen og vidare utover til til registreringspunktet i Gunnøya og utover til Bruvollen. Søndag ettermiddag og kveld var det som sagt kjempefine forhold og sjølv om du ventar til kvelds så er det berre å ta med ei haudlykt.
Utover veka er det meldt ein del regnvêr, men brukar du piggsko så er det berre spørsmål om å kle seg etter forholda – eller så kan du ta ein runde på TILs treningsstudio «Hett & Svett» som eit alternativ!