Sør-Georgia er tema for Indre Nordmøre Senioruniversitets første møte i 2016. Det er Lars Olav Lund, frå Statens Naturoppsyn i Trollheimen landskapsvernområde, som onsdag 17.februar står for programmet på Kulturhuset i Surnadal. Lund har vore på Sør-Georgia fleire turar, og vil fortelje og vise bilde om felling av reinsdyr, norsk kvalfangst og kulturhistorie frå øya.
Etter programmet blir det gjennomført eit kort årsmøte, der det også blir orientert om planar vidare framover året. Etterpå blir det som vanleg kaffe og kaffeprat.