Trimgruppa i Todalen IL arrangerer tur til Korshammaren ved Todalshaugsetra. Det skjer 2. pinsedag, 10. Juni, med start frå Grusholet/Rossåbrua kl 12.00
Vi går opp damvegen, bratt, men fin å gå. Siste stykket blir i skogsterreng. Gudmund K. Kvendset blir med som vegvisar og vil fortelje litt om gruvene ved Korshammaren i gamle dagar.
Ta med klær, mat og drikke for turen!