Stangvik Jentekor har såvidt starta øvinga, og med roller frå «Kardemomme By» og «Hakkebakkeskogen» satsar Stangvik Jentekor på Egner-program denne våren. Øvingane er enno i startfasen – og det er plass til fleire aktørar til å bli med, fortel Bernt Bøe.
Stangvik-jentene vil gi liv til Tante Sofie, Politimester Bastian, Kasper og Jesper og Jonatan, Bestemor Skogmus, Bakarmester Harepus og andre festlege typar utover vinteren. Og nye songglade barn kan melde seg på. Neste øving er tysdag 17. februar på Stangvik Oppvekstsenter.
Barnetimeonkel Thorbjørn Egner har skapt mange flotte figurar i norsk barnekultur. Jentekoret vil laga «Kardemomme-fest» med mange frå hans festlege persongalleri på scena denne våren, og har du lyst til å bli med kan du berre møte opp på øving!