Surnadal Pensjonistlag sin sommertur går i år til Fosen og Ørlandet 6. og 7. august, med overnatting på Hovde Gård.
Bussen går frå Surnadal kulturhus tysdag 6. august klokka 09:00. Bussen går til Klett, vidare til Flakk og ferge over til Rørvik.
I Stadsbygd blir det besøk på museet «Kystens Arv». Her blir det Omvisning, kaffe og kake.
Etterpå går turen vidare til Rissa og Reinskloster, Hasselvika, Refsnes og Råkvåg, der det kanskje blir lunsj?
Dagens siste reisemål blir Brekstad og Hovde Gård. Her blir det middag og overnatting.
Dagen etter blir det besøk på Austråtborgen, som er eit must når ein først er i området. Utover dette er programmet ikkje bestemt enda, så her kjem det meir etter kvart! Men turen heim att går via Agdenes og Orkanger.
Prisar:
For medlemmar:
- Buss – Gratis
- Treretters middag, kroner 595,- per person. Drikke kjem i tillegg
- Diverse omvisingar, kaffe og kaker, kroner 295,- per person.
- Overnatting: Dobbeltrom kr. 2.295,- og enkeltrom kroner 2.045,- per rom.
For ikkje-medlemmar:
- Buss – kroner 700,- per person.
- Treretters middag, kroner 595,- per person. Drikke kjem i tillegg
- Diverse omvisingar, kaffe og kaker, kroner 295,- per person.
- Overnatting: Dobbeltrom kr. 4.076,- og enkeltrom kroner 2.935,- per rom.
Bindande påmelding til Ragnhild Vorum på telefon 934 22 961 innan fredag 19. juli.
Førehandsbetaling til konto nummer 4040.55.00274 innan fredag 26. juli