Ja, det er oppfordringa til alle som har lyst til å bli med. kvar måndagskveld er det volleyballtrening i gymnastikksalen i Todalen oppvekstsenter, og treninga startar kl 19.00 og varer utover til kl 20.30. Sist måndag kveld var vi innom ein tur for å ta pulsen på opplegget, og da var det 16 ungdommar som kjempa om ballen.

Framfor frå venstre: Elise G. Øigard, Eirin Børmark, Oda Halle, Astrid L. Kvendset og Erling Talgø. Attafor frå venstre: Kristine Svinvik, Marte Talgø, Andreas Brøndbo, Inga Husby, Jan Terje Moen, Svein Stensby, Espen Husby, Ola Talgø og Jan Bruset. Foto: Jon Olav Ørsal
Det er ungdommane sjølve som har teke initiativet til desse volleyballkveldane, og det såg ut som dei hadde det artig i lag. Men det det var stemning for å få med enda fleire, så det er berre å møte opp og bli med, fortalete Inga Husby som var ledar for gruppa.