Surnadal Pensjonistlag inviterer til vårens siste trim i Trudvang torsdag 20. april klokka 11:00 – 12:00. Dei har også den siste trimøkta fått med seg fysioterapeut Eline til å leie treninga, og å vise fram gode øvingar, som gjer godt for kroppen!
– Bli med på vårens siste trim i Trudvang!, oppfordrar Kristian Ranes i Surnadal Pensjonistlag. – Og kanskje blir det kaffe etterpå?, legg han til.
Neste veke tek stavgangsesongen til, nærare annonsering kjem seinare, så følg med!
Surnadal Pensjonistlag ønsker velkommen til trim i Trudvang!