Onsdag 3. mai klokka 18:00 inviterer Todalen sokneråd til vårdugnad på kyrkjegarden. Det blir raking, oppretting av gravstøtter og rydding etter vinteren. Ta difor med høveleg utstyr som t.d. rive, spade, trillebår.
Nytt av året er at soknerådet også ønsker å tørke litt støv og vaske inne i kyrkja, så ta med høveleg utstyr til dette også, og da spesielt moppstavar med lange skaft!
Etter vårdugnaden vil Todalen sokneråd gje ein kort presentasjon av verksemda si det siste året, med årsmelding og rekneskap. Det vil også bli ei orientering om arbeidet med å etablere ein minnelund.
Det blir enkel servering!
Todalen sokneråd ønsker alle velkomne på vårdugnad!