Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene

Bli med på vårdugnad i arboretet

Bjørn Gunnar Ansnes Onsdag 3. mai 2023

Svinviks arboret, i samarbeid Surnadal Hagelag, inviterer til vårdugnad i Svinviks arboret onsdag 10. mai klokka 18:00. Så har du lyst til å vere med å gjere arboretet klart til ein ny sesong, er det berre å møte opp i arboretet og bli med på vårdugnaden. 

Ta gjerne med eigen reiskap på dugnaden. Rive og hagesaks er dei reiskapa som er mest aktuelle under dugnaden. .

Det er varierte oppgåver, med både luking, stirydding og anna forefallande arbeid etter ein vinter med mykje vêr.

Kaffe, enkel servering og sosialt samvær etter dugnaden.

Svinviks arboret og Surnadal Hagelag ønsker alle velkommen på vårdugnad!

 


Medlem i Todalen.no –


 

Publisert: 3. mai 2023, 13:28