Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene

Bli med på tradisjonell romjulsmarsj 3. juledag – start i tidsrommet 12 – 14

Jon Olav Ørsal Onsdag 25. desember 2024

Todalen Idrettslags trimgruppe er tradisjonell arrangør av Romjulsmarsjen 3. juledag (fredag 27. desember), med start mellom 12:00 og 14:00.  Som vanleg er det gløggstasjon ved «chekpoint» Bruset, og der får du og ei lita belønning for deltaking – og sjølvsagt høve til å kjøpe lodd i romjulslotteriet som har trekning umiddelbart etter romjulsmarsjen.

Romjulsmarsj i snøkave – ein kan oppleve alle slags vêr på runden rundt bygda. Arkivfoto JOØ

Alle er velkomne til å bli med på romjulsmarsjen, der du kan velge distanse sjølv – enten kan du gå storrundt – rundt heile bygda – eller du kan gå litjrundt over Øyabrua og via Pilskaret.  

Kom og bli med – det gjer så godt å kome seg ut ein tur!  Sosialt er det og – du treffer både naboen og ikkje minst folk som er heime på juleferie!

Først publisert: 25. desember 2024, 06:00 - Sist oppdatert: 26. desember 2024, 09:52